• Heim Banner Fasade
  • Heim Banner Miljo
  • Heim Banner Skiheis
  • Heim Banner Fasade
  • Heim Banner Miljo
  • Heim Banner Skiheis
  • Heim Banner Fasade
  • Heim Banner Miljo
  • Heim Banner Skiheis

Budeiehaugen er eit nytt og eineståande fritidsbustadprosjekt i Myrkdalen, sentralt og attraktivt i front av Myrkdalen Fjellandsby, med kort gangavstand til sentrumsområdet, alpinanlegget og turområde. Budeiehaugen ligg i eit solrikt område med storslått utsikt. I underetasjen kjem eit eige velværesenter, og i tillegg sportsbuer og garasjeanlegg. Dette vil bli sjølveigarleilegheiter i seksjonssameige, på felles eigartomt.

Arkitekt Signe Mossige seier dette om prosjektet;

”Budeiehaugen inneheld 34 innhaldsrike fjellhusvære. Me har lagt vekt på å utnytta plassen maksimalt, og har late planløysinga få eit «hyttepreg» med mange soverom samt eit fellesrom der alle kan få plass rundt matbordet. I tillegg har me lagt vekt på direkte tilgang frå vindfang til bad for å unngå at snø og væte blir drege inn i husværet. Bada er romslege og har plass for tørk av sko og klede, og vindfanget har plass til romslege skohyller.

Alle husværa har eitt stort parsengsrom, nokon vil gjerne bruka dette til ekstra stoveareal. På husvære type 1 kan parsengsrommet også gjerast om til 2 små soverom om ynskjeleg.

I tillegg til husværet er det ei temperert bu på 5 m² i underetasje, og 1 innandørs parkeringsplass. Utebuene er plassert inne i bygningsmassen og er tilknytta felles smøre- og prepperom.

Husværa har inngang frå svalgang, og heis sikrar universell tilgjenge til alle plan både frå parkeringskjellar og frå uteområda.

I komande byggetrinn er det også planlagt fellesrom for barn med utgang til det fri. Mellom bygga vert det også etablert ein liten ake/skibakke for dei aller minste.”

Les meir