• Stove

    Stove

  • Bad

    Bad

  • Hovud-soverom

    Hovud-soverom

    Leilegheit C2.2

    Praktisk og maksimal utnytting av plassen. Planløysinga får eit «hyttepreg» med mange soveplassar og eit fellesrom der alle kan få plass rundt matbordet.

    Direkte tilgang frå vindfang til bad for å unngå at snø og væte blir drege inn i husværet. Romsleg bad og i tillegg eit eige nisjerom for vask og til tørk av sko og klede, og innebod.

    Vindfanget har plass til romslege skohyller. 

    3 soverom. Hovudsoverommet kan brukast til ekstra stove, TV-stove eller leikerom.

    I tillegg til husværet er det sportsbu på 5 m² og 1 parkeringsplass i garasjeanlegg.

    Husværet har inngang frå svalgang, og heis sikrar universell tilgjenge både frå parkeringskjellar og frå uteområda.

    Areala er henta frå arkitekten sine planteikningar og må sjåast som ca. tall. Det blir tatt atterhald om avvik. Utbyggjar tar atterhald om å kunne endre prisen på uselde einingar. Dokumentavgift 2,5 % av tomteverdi pr. seksjon. (Tomteverdi kr. 290.000,-) kr 7.250,-. Tinglysingsgebyr for skøyte kr 525,- Tinglysing pr. pantobligasjon kr 525,-, Attestgebyr kr 206,-.